EU-fiskarar kasta torsk for 23,5 milliardar kroner i perioden 1963-2008, skriv den britiske tenketanken The New Economics Foundation i rapporten Money Overbord.
Rapporten støttar dermed eitt av dei nye forslaga til Europakommisjonen om felles fiskeripolitikk, som gjeld forbod mot utkast av fisk (les også Brusselbrev frå juli). Ein annan rapport, frå York University, viser at eit norsk forbod mot utkast av fisk hadde gode effektar. Forbodet, som blei implementert i 1980, kosta fiskarar pengar i fire år, men sidan skal dei ha tent gode inntekter på torskefangst.