fredag 23. september 2011

Finland og Nederland seier nei til Bulgaria og Romania i Schengen

Brusselbrev frå Per Nestande
EU sine justisministre drøfta i går om Bulgaria og Romania skulle bli med i Schengen-samarbeidet. Utviding av Schengen må vedtas samsrøystes av Rådet. Det polske formannskapet skriv i si pressemelding at sidan det ikkje alle landa kunne slutte seg til ein konklusjon som  ville opne for Bulgaria og Romania, vart ikkje saken tatt opp til votering. Det polske formannskapet vil fortsatt arbeide for å at Bulgaria og Romania kan bli med i samarbeidet.

EU Observer skriv i dag at Finland og Nederland meiner Bulgaria og Romania ikkje har gjort nok i kampen mot korrupsjon og organisert kriminalitet og derfor ikkje er klare for Schengen. Både det polske formannskapet og Bulgaria og Romania meiner dette er urimeleg. Bulgaria og Romania har tidlegare fått tilbakemelding om kva tilhøve som må endrast for at dei skal kunne bli med. Ei evaluering i april viste at dei to landa har gjennomført desse pålegga. Tilhengjarane av utviding argumenterer for at det da blir urimeleg å likevel seie nei i etterkant.

Europaparlamentet (EP) som berre har uttalerett i spørsmålet om Schengen-utviding, er positivt til utvidinga.

Parallelt med spørsmålet om utviding av Schengen, drøftar nå Rådet og EP nå også framlegg til endring i Schengen-forordninga og Schengen-konvensjonen som vart lagt fram i mars. I tillegg gjorde Europoakommisjonen 16. september framlegg om endring i forordninga om felles regler for midlertidig gjeninnføring av grensekontroll i Schengen-området. I desse to sakene må vedtak skje etter semje mellom Rådet og EP.