tirsdag 27. september 2011

Frontex får utvida mandat – samtidig kritikk

Frontex nærmar seg utvida mandat, mellom anna høve til å skaffa seg utstyr til operasjonar på eiga hand, som til dømes fartøy og helikopter.

Europaparlamentet vedtok med stort fleirtal nytt mandat og regleverk for yttergrensebyrået i førre veke. I oktober er det venta formell godkjenning i Rådet.

Frontex skal også oppretta ei stilling med oppgåva å overvaka at menneskerettane blir følgde ved grensekontrollar. Innanrikskommissær Cecilia Malmström kommenterte eit styrka Frontex slik: «at last we have now reached a good result that will allow Frontex to operate more efficiently and more effectively. At the same time, the revision will strengthen the human rights aspect of Frontex’s work».

Norsk politi deltek i EUs grensekontroll mellom Tyrkia og Hellas. Human Rights Watch (HRW) slår i ein ny rapport fast at Noreg difor er «medansvarleg» for overgrep mot asylsøkjarar, migrantar og flyktningar i greske forvaringssenter. Statssekretær Pål K. Lønseth i Justisdepartementet forsvarar norsk deltaking: «Enten kan man stå på sidelinjen og protestere. Eller så kan man bidra i Frontex til at situasjonen ikke er enda mer dramatisk. Det siste er etter min mening mye bedre».

I regjeringas arbeidsprogram for EU/EØS-saker står det følgjande om yttergrensebyrået: «Norge ønsker å videreutvikle samarbeidet med Frontex og stiller seg særlig positiv til at Frontex i fremtiden kan spille en viktigere rolle i felles returoperasjoner».