EU og NATO høyrer ikkje heime i Arktis, er meldinga frå Russland ifølgje nyheitsbyrået Interfax.
Russarane førebur seg no på å auka sitt militære nærvær i Arktis, skal ein representant for det russiske utanriksdepartementet ha sagt til nyheitsbyrået: «We can't leave ourselves in a position where we are undefended». Vidare kom det fram at verken EU eller NATO hadde noka rolle i ressursutvinninga i arktiske område.
Den russiske tv-kanalen RT viste nyleg eit innslag frå den russiske busetjinga i Barentsburg på Svalbard, der det blei slått fast at området var stadig viktigare for Russland.