tirsdag 27. september 2011

Beskyttelse av valdsoffer over landegrenser

Offer for kriminalitet som får beskyttelse i eit EU-land, skal også få same beskyttelse viss dei flyttar til eit anna EU-land. Det kjem fram i eit avtaleutkast om ein europeisk beskyttelsesordre som Rådet og Europaparlamentet blei samde om 20. september.

Beskyttelsesordren vil gjelda til dømes offer for kjønnsbasert vold, trakassering, bortføring og drapsforsøk. Dersom beskyttelsen ikkje blir oppfylt, vil offerets vertsland ha mulegheit til å gripa inn overfor den kriminelle.