tirsdag 27. september 2011

Ingen semje om endring av Dublin-samarbeidet

«The deadlock» er framleis resultatet i forhandlingane om å revidera Dublin II-forordninga.

På møtet i Justis- og innanriksrådet førre veke føreslo det polske formannskapet ein evalueringsmekanisme for asylområdet, som skulle sjå på asyllovverket og ressursbruken i dei ulike medlemslanda. Men, fleirtalet av medlemslanda var framleis ikkje interesserte i å innføra ein såkalla suspensasjonsmekanisme, der ein kunne stoppa overføring av asylsøkjarar til det landet dei først kom, i tilfelle det oppstod ei «asylkrise».

Innarikskommissær Cecilia Malmström var ikkje nøgd med utfallet: «Tyvärr var andan inte [...] konstruktiv när vi diskuterade asylpaketet. [...] Om vi ska nå målet att besluta om ett gemensamt asylsystem nästa år så måste alla kompromissa. Tyvärr grävde många medlemsländer ner sig ännu djupare i sina skyttegravar och verkar inte vilja nå resultat».

Dublin II-forordninga regulerer kva for ein medlemsstat som er ansvarleg for behandlinga av ein asylsøknad. I januar blei Belgia dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen for retur av asylsøkjar til Hellas, eit land som ikkje oppfylte krava til rett asylbehandling.

Dei sentrale endringsforslaga (frå 2008) handlar om å introdusera meir effektivitet, mellom anna tidfristar, obligatorisk intervju av asylsøkjaren og ein suspensasjonsmekanisme. I regjeringas arbeidsprogram for EU/EØS-saker står det mellom anna: «Vi støtter forslaget om en felles suspensjonsmekanisme for alle landene, og ønsker blant annet en klar definisjon av familiebegrepet slik at det blir lik forståelse i alle samarbeidende land».