fredag 16. september 2011

Innskuddsgaranti – fyrste forhandlingsmøte, 14. september

Spørsmålet om eit unnatak som gjer at Noreg kan vidareføre sitt nåverande garantinivå for bankinnskott, vart nemnt som eit spørsmål som må drøftast vidare på det fyrste forhandlingsmøtet mellom Europaparlamenet (EP), Rådet og Kommisjonen denne veka. På møtet gjekk EP og Rådet gjennom dei viktigaste punkta i sine respektive posisjonane. I tillegg viste det polske formannskapet som leiar forhandlingane for Rådet, til andre detaljspørsmål som også må drøftast nærare. Unnataket som ECON-komiteen i EP har vedteke og som vil sikre vidareføring av det norske garantinivået, vart nemnt i denne samanhengen. Sekretariatet for ECON-komiteen opplyser at det neste triologimøtet truleg fyrst vil finne stad 27. september (og ikkje 20. september som tidlegare planlagt). Det er her venta at ein vil gå inn i meir detaljerte diskusjonar, men det vil bli minst eit forhandlingsmøte til etter dette.

Finansminister Sigbjørn Johnsen hadde denne veka eit videomøte med Michel Barnier, kommissær for den indre marknaden, for å gjenta det norske synet. Nationen skreiv 14. september at Regjeringa ventar ei snarleg avgjerd i spørsmålet.

Les meir om saken i informasjonspakken til møtet i Europautvalet 16. september.

Skrevet av : Per Nestande