EU og EFTA-landa underteikna førre veke ei avtale om EFTA-deltaking i komitear som hjelper Kommisjonen i arbeidet med Schengen-regelverket.
Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits vil bli assosierte som observatørar i komiteane, og ordninga vil erstatta brevutvekslinga som utgjorde samarbeidet før.
Dei assosierte EFTA-landa kan kommentera forslag til utvikling av Schengen-regelverket, men vil ikkje ha stemmerett. Noreg skal difor få delta i «decision-shaping», men ikkje i «decision-making» i Schengen-lovgjevinga.
EFTA-landa skal bidra økonomisk til administrative utgifter i desse Schengen-komiteane.