Norske forbrukarar ligg i tet i Europa når det gjeld kunnskap om rettane sine og kor trygge dei kjenner seg som forbrukarar.
Europakommisjonen (Kommisjonen) presenterte ein rapport om ”Consumer empoverment” på møtet i komiteen for den indre marknaden og forbrukarrettar (IMCO) 31. august. Den har vurdert kor trygge forbrukarane kjenner seg, kunnskap om t.d. merking og evne til å forstå numerisk informasjon, kjennskap til faktiske rettar, i kva grad forbrukarane er aktive og om dei utnytter klageordningar. Undersøkinga omfattar dei 27 EU-landa samt Island og Noreg.
I ein samleindikator for tryggleik og kunnskap er EU-gjennomsnittet 44%, medan talet for Noreg er 81% følgd av 74% i Nederland. Samla sett er det systematisk i rapporten at forbrukarar i Nord-Europa (Danmark, Finland, Nederland, Noreg, Sverige, Tsjekkia og Tyskland) kjenner rettane sine betre og kjenner seg tryggare enn forbrukarar i andre delar av Europa. Dette gjeld for så å seie alle tilhøve som er vurdert i undersøkinga.

Medlemmane i IMCO og representantane frå Kommisjonen ga alle uttrykk det er nedslåande at kunnskapsnivået jamt over er lågt i så mange land. Fleire ga uttrykk for at dette må tas omsyn til når ny forbrukarlovgjeving skal utformast sidan ein kan ikkje vente at forbrukarane skal vere aktive og ha detaljerte kunnskapar. Kommisjonen som har lagt fram eit arbeidsdokument om resultata, legg opp til ei høyring om resultata nå i haust. Deretter vil den leggje fram ei melding om dette i 2012. Målet er at funna kan utnyttast både i nasjonal og europeisk lovgjevingsprosessar framover. Funna vil også bli tatt omsyn til i det neste europeiske strategien for forbrukarpolitikk og neste fleirårige forbrukarprogram.