onsdag 12. oktober 2011

Status for Island og åtte andre EU-søkjarland

Island skal ha gjort framgang i medlemskapsforhandlingane det siste året, men Europakommisjonen ventar seg vanskelege forhandlingar på nøkkelområde som fiskeri, landbruk og kvalfangst.

Kommisjonen presenterte i dag den årlege rapporten om status for aktuelle nye medlemsland. «The transformational power of the enlargement process sends a powerful message of hope at this challenging time, both for European Union Member States and for the enlargement countries» var meldinga frå kommissær Stefan Füle ved framlegginga av rapporten.

For Island sin del utgjer også usemja rundt Icesave framleis eit problem, men det blir lagt vekt på at Island allereie er EØS- og Schengen-medlem, og at mykje av lovgivinga difor er i tråd med EU-reglane.

Kommisjonen føreslår elles at ein opnar opp for forhandlingar med Montenegro, samt gir Serbia kandidatstatus. Når det gjeld den tyrkiske søknaden peika rapporten på følgjande hindring: «progress towards normalisation of relations with Cyprus are needed before the country can advance more vigorously in its accession negotiations».