Det kan bli lettare å passera europeiske yttergrenser, kombinert med at sikkerheita skal styrkast.
Det kjem fram i ei melding frå Europakommisjonen om meir «smarte grenser» i Schengen-området, som mellom anna skal gjera det lettare for tredjelandsborgarar på reise. Initiativet består av:
- Eit inn- og utreisesystem (entry/exit-system) med elektronisk registrering av mellom anna tidspunkt, innreisestad og reiselengde. Forslaget byggjer på bruk av biometri i grensekontrollane.
- Eit system for enklare grensepassering for tredjelandsborgarar som allereie er godkjent og registrert i systemet av reisande (til dømes grupper som forretningsfolk, familiemedlemmer osb.).
I regjeringa sitt arbeidsprogram for EU/EØS-saker står det at innføring av entry/exit-systemet er «sammenfallende med Norges syn hva gjelder å motvirke ulovlig opphold».
Den nye meldinga frå Kommisjonen byggjer på ei melding frå 2008: Forberedelse af de kommende faser af grænseforvaltningen i EU.