Nicolas Sarkozy ønskjer å revurdera Schengen-avtala. «Et Europa som praktiserer fri bevegelse innad, men som ikke kontrollerer sine ytre grenser, kan ikke vare. Vi må revurdere Schengen», sa den franske presidenten i ein tale 1. desember.
Det er fleire land som er kritiske til dagens Schengen-system. Nederland skal mellom anna innføra digital grensekontroll frå 1. januar, som inneber videoovervaking ved dei 15 viktigaste grenseovergangane til Tyskland og Belgia. Informasjonen derifrå skal samanliknast med ein database over kriminelle og andre personar som er i politiets søkjelys. Europakommisjonen skal klargjera om dei nederlandske planane er i tråd med gjeldande Schengen-reglar.
Nederland er også landet som har lagt ned veto mot innlemming av Bulgaria og Romania i Schengen-samarbeidet. Samtidig skaper Schengen-diskusjonen vanskar for land som Tyrkia og Ukraina, som også ønskjer innpass i det visumfrie europeiske området.