Brusselbrev frå Per Nestande.
Europaparlamentet (EP) har akseptert at det kan få 16 delegatar til den nye konferansen som skal sikre parlamentarisk kontroll med utanriks, tryggings og forsvarspolitikken i EU. Dette skriv presidentane i dei to kammera i den polske riksdagen i eit felles brev til presidentane i nasjonale parlament i EU-landa denne veka. EP har som kjent tidlegare kravd eit mykje større tal på delegatar (siste utspel av 27 delegatar), medan dei fleste medlemslanda har meint EP ikkje skal ha fleire delegatar enn dei nasjonale parlamenta. I framlegget som nå blir drøfta skal kvart av dei nasjonale parlamenta ha 4 delegatar og 2 alternative (”alternate”) delegatar.
Det er vidare sagt at kandidatland og Noreg skal kunne delta som observatørar med 1 delegat og 1 alternativ delegat.
Polen har bedt om tilbakemelding frå dei andre parlamenta innan 31. desember i år. Målet er å avslutte debatten om organisering av den framtidige parlamentariske kontrollen på den ordinære konferansen for presidentane i nasjonale EU-parlament i Warszawa i april 2012. Det er førebels uklart kva den generelle haldninga til det polske utspelet vil vere hjå dei andre landa. Uformelt har fleire gjeve uttrykk for at ein truleg er villig til å akseptere dette kompromisset både for å kunne avslutte diskusjonen og fordi ein reknar med at EP i praksis vil møte med færre enn 16 delegatar.
Den siste utviklinga i denne saken kjem etter ei brevveksling mellom presidentane i den polske riksdagen og presidenten i EP, Jerzy Buzek, i november som det også er vist til i brevet som kom denne veka.