Det er brei støtte frå Europaparlamentet til forslaget om modernisering av yrkeskvalifikasjonsdirektivet, som blei presentert av Europakommisjonen 19. desember.
Medlemmer frå komiteen for indre marknad og forbrukarbeskyttelse (IMCO) er bortimot einige i å støtta dei nye forslaga, deriblant innføringa av eit «professional card» og at helse- og sikkerheitsyrke er skilt frå andre yrke i forslaget.
Europaparlamentarikarane vil derimot redusera talet på regulerte yrke, i motsetjing til Kommisjonen (liste over regulerte yrke i Noreg). Direktivet for gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar blir brukt når EØS-statsborgarar ønskjer å praktisera eit regulert yrke i eit anna EØS-land enn det dei har kvalifisert seg i. Moderniseringa av direktivet er eitt av tolv forslag i styrkinga av den indre marknaden.
Frå EØS/EFTA-landa blei det sendt ein felleskommentar til grønboka i fjor haust.