Ein rapport frå Den europeiske revisjonsretten (European Court of Auditors) har funne fleire feil i korleis EU-byråa administrerer budsjetta sine. EUobserver skriv at rapporten kan føra til auka debatt om nytten av desse byråa i innstrammingstider.
Revisjonsretten har analysert kostnader, økonomistyring og «operativ effektivitet» i 22 av EUs 31 autonome byrå. Revisjonen slår fast at elleve av byråa ikkje kunne gjera god nok greie for halvparten av utgiftene i 2010.
Den nyleg framlagde Europautredningen viste at Noreg deltar i arbeidet i 26 av EU-byråa (sjå boks 9.1).