mandag 20. februar 2012

Ungarn har svara EU om lovendringar

Ungarn svara Europakommisjonen innan fristen 17. februar, etter at det blei innleia traktatsbrotprosedyre mot landet forrige månad. Kommisjonen hadde bede Ungarn greia ut om sjølvstendet til både sentralbanken, rettsvesenet og datatilsynet, etter nyleg innførte lover i landet.

Svaret på rundt 100 sider omfattar konkrete lovendringsforslag frå ungarsk side, men også forklaringar der Ungarn meiner inga lovendring er nødvendig.

Kommisjonen skal no vurdera svara frå den ungarske regjeringa. Siste utveg vil vera å ta saka til EU-domstolen.

Dagen før Ungarn sendte sitt svar vedtok Europaparlamentet ein resolusjon (315 stemmer for, 246 imot) som ber Ungarn respektera grunnleggjande EU-verdiar.