Hellas gjer ikkje nok i arbeidet med grensekontrollen, trass i at landet får milliardstøtte frå EU for å styrkja denne kontrollen. Det slo fleire justis- og innanriksministrar fast på rådsmøtet førre veke.
I ein rapport om asylsituasjonen i Hellas viste Europakommisjonen til framgang på enkelte område, men åtvara samtidig mot «still very alarming detention conditions» i Evros-regionen på grensa mot Tyrkia.
Ministrane blei på rådsmøtet einige om solidaritet med medlemsland som opplever press på asylsystemet, men at dette skal kombinerast med ansvar: «Solidarity has to be paired with responsibility».
Gjennom EØS-midlane skal Noreg bruka om lag 160 millionar kroner dei neste åra for å hjelpa Hellas med asylbehandlinga.