Justis- og innanriksministrane avgjorde å styrkja den politiske styringa av Schengen-samarbeidet på rådsmøtet sist veke.
Det inneber at fellesorganet (27 EU-medlemsland pluss Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits) ein gong i halvåret skal ha politiske og strategiske diskusjonar, der målet er å identifisera og unngå problem i Schengen-samarbeidet. Debattane skal baserast på ein årleg rapport frå Europakommisjonen samt opplysningar gitt av medlemslanda og EU-organ (som til dømes Frontex). Migrasjonsråd Magne Holter ved EU-delegasjonen seier det er «svært positivt at dette skjer i den delen av møtet der Norge deltar».
Den første rapporten frå Kommisjonen skal etter planen presenterast i mai, og første rådsdebatt vil vera i juni.
Samtidig har saksordføraren i Europaparlamentet åtvara medlemslanda mot at parlamentet ikkje ønskjer å godta einsidig mellomstatleg styring av Schengen-samarbeidet. På ei høyring i Europaparlamentet førre veke blei det også argumentert for at Schengen-området treng ei modernisering av politisamarbeidet mellom medlemslanda.
I helga vakte det dessutan oppsikt då Nicolas Sarkozy truga med å trekkja fransk Schengen-deltaking om ein ikkje fekk på plass ein skikkeleg revisjon av Schengen-avtalane innan dei neste tolv månadane.