Europakommisjonen lanserte 5. mars ei høyring om korleis ein skal fremja likestillinga i europeiske styrerom.
Justiskommissær Viviane Reding presenterte samtidig ein nedslåande rapport om kvinner i leiarposisjonar i EU, og viste til mulege kvoteringstiltak: «Personally, I am not a great fan of quotas. However, I like the results they bring».
Rapporten viser store forskjellar mellom EU-landa når det gjeld kvinner i styreposisjonar: frå 27 prosent i finske selskap til tre prosent på Malta.