onsdag 14. mars 2012

Ombodsmannen vil ha svar frå Frontex

Den europeiske ombodsmannen skal undersøkja korleis yttergrensebyrået Frontex held sine forpliktingar om grunnleggjande rettar, etter at byrået fekk utvida fullmakter i haust.

Frontex har fått frist til 31. mai med å svara på ei rekkje spørsmål om kva planar byrået har for å sikra at grunnleggjande rettar blir følgde. Ombodet ber også om informasjon om kven som skal ha ansvaret for dette i byrået, kven som skal ha ansvaret for europeiske grensevaktar og kva tiltak som skal setjast i verk om det blir oppdaga brot på grunnleggjande rettar.

«This agency coordinates joint operations by member states and works increasingly with third countries to stop persons trying to enter the European Union illegally. These are often people fleeing persecution, but there is no evidence that Frontex operations identify them», kommenterer organisasjonen for europeiske asyl- og flyktningorganisasjonar (ECRE). Italia blei nyleg dømt i menneskerettsdomstolen i Strasbourg for ulovlege returar av flyktningar til Libya, og det er venta at dommen vil verka inn på utforminga av EUs innvandringspolitikk i framtida.

Noreg tar del i arbeidet i Frontex på lik linje med EU-landa, og bidrar både økonomisk og med personell.