Justiskomiteen i Sveriges riksdag har innvendingar mot forslaget om eit europeisk system for grenseovervaking, som Europakommisjonen presenterte i desember.
Komiteen meiner det strider mot nærleiksprinsippet, og at forslaget er «så oklart och ofullständigt att det inte tillräckligt tydligt framgår att målen med åtgärderna inte kan nås på nationell nivå». I tillegg blir det hevda at ein del av regelforslaga inneber ei så vidtrekkande utviding av yttergrensebyrået Frontex sitt mandat at det ikkje kan sjåast som akseptabelt utifrå nærleiksprinsippet.
Regjeringspartia og Sverigedemokratane reserverer seg mot innvendingane.