mandag 26. mars 2012

Talet på asylsøkjarar aukar i EU

301 000 personar bad om asyl i EU i fjor. Det er 42 000 fleire enn året før, viser ny statistikk frå Eurostat. Dei fleste kom frå Afghanistan (28 000) og Russland (18 200). Rundt 90 prosent søkte om asyl i EU for første gong.

Frankrike mottok 56 300 asylsøkjarar i fjor, og flest blant EU-landa. I dei nordiske EU-landa var talet på registrerte asylsøkjarar slik:
- Sverige: 29 700
- Danmark: 3945
- Finland: 2915

I Noreg registrerte ein 8995 nye asylsøkjarar i fjor, medan EFTA-landet Sveits registrerte 23 625.

Asylsystemet i Europa er under press, og særleg situasjonen på grensa mellom Hellas og Tyrkia: Ein gresk politisjef opplyser til Economist at 55 000 illegale flyktningar blei arrestert på denne grensa i fjor.