mandag 7. mai 2012

EU vil ha betre Internett for barn

Europakommisjonen presenterte i førre veke ein eigen strategi for at Internett skal bli betre og tryggare for barn.

75 prosent av barna i EU-landa bruker Internett og ein tredjedel bruker online-tenester via mobiltelefonar. Den nye strategien legg opp til at det skal skapast meir interaktivt, kreativt og pedagogisk innhald på nettet, i samarbeid mellom EU, mobilbransjen og sosiale nettverkstenester.

«Norge er blant de landene i Europa med høyest bruk av både Internett og mobiltelefon blant barn og unge, og det er derfor med glede vi ser at EU-Kommisjonen styrker den europeiske innsatsen for å gi barn og unge en god digital barndom», kommenterer Pia Lang ved Medietilsynets sitt Trygg Bruk-senter.

I førre veke presenterte også dei nordiske forbukaromboda eit felles standpunkt om strengare krav til marknadsføring retta mot barn i sosiale medium, ei problemstilling som skulle vidareformidlast til Europakommisjonen.