Brusselbrev frå Per S. Nestande.
På møtet 12. juni vart fiskeriministrane i EU samde om ei såkalla generell tilnærming i drøftingane om reform av EUs fiskeripolitikk. Ministrane er mellom anna samde om at ein i 2015 (der ein har nok datagrunnlag) og seinast i 2020 skal ha gjennomført prinsippet om berekraftige fangstkvoter. Dei vart også samde om meir detaljerte forvaltningsplanar og ei gradvis innføring av eit totalforbod mot utkast. Dei fleste medlemslanda går inn for auka regionalisering og det var semje om at innføring av omsetjelege kvotar skal vere frivillig for kvart medlemsland.
Saksordføraren i Fiskerikomiteen i Europaparlamentet, Ulrike Rodust (tysk sosialdemokrat) la fram sitt utkast til innstilling i mai. Ho går mellom anna inn for å styrke prinsippet om berekraftige kvotar, tiltak for å unngå tiltak mot fangst av fisk utanfor kvote, tiltak for redusert overkapasitet og sterkare regionalt samarbeid mellom medlemslanda. Andre medlemmar av Europaparlamentet kan fremje endringsframlegg innan 18. juni og komiteen skal etter planen vedta si innstilling til denne forordninga i haust.
Les om hovudelementa i framlegga frå Kommisjonen og korleis arbeidet er organisert i Europaparlamentet her.