Brusselbrev frå Per S. Nestande .
Europaparlamentet vedtok i går med stort fleirtall innstillingar til nytt regelverk som vil styrke EU-kontrollen med nasjonale budsjett. Dette gjeld regelverk som vil gje Europakommisjonen rett til å krevje endringar i nasjonale budsjett i eurolanda i land med økonomiske problem. Målet er å hindre ei reprise av den nåverande økonomiske krisa. Parlamentet har foreslått endringar til framlegget frå Kommisjonen som gjev Kommisjonen større makt over medlemslanda enn det Kommisjonen sjølv har foreslått skriv EUobserver. Samstundes la Parlamentet vekt på at det er viktig med tiltak for å få ny vekst i Europa. Europaparlamentet og Rådet skal nå forhandle om ein felles posisjon.
Konkret omfattar lovpakka som blir omtalt som «two-pack», framlegg til to forordningar som berre vil gjelde eurolanda. Den eine forordninga gjeld felles reglar for overvaking og evaluering av budsjett og for sikring av korrigering av uforholdsmessig store budsjettunderskott. Den andre forordninga gjeld skjera økonomisik og budsjettmessig overvaking av medlemsland som har problem med den finansielle stabiliteten. Les også Kommisjonens korte innføring i nye reglar for økonomisk styring i EU.
Under sesjonen i Strasbourg denne veka orienterte også kommisjonspresident Barroso om det kommande møtet i det europeiske rådet 28. juni. Han sa mellom anna at medlemslanda må bli samde om eit stort fellesbudsjett, ein bankunion og ein politisk union, jf. også omtale i EUobserver. Han sa samstundes at det er viktig å sikre vekst og oppmoda om ein felles innsats mellom Parlamentet, Rådet og Kommisjonen for å sikre raske vedtak på sentrale område, inkludert EUs langstidsbudsjett.