Rådet bestemte 7. juni at avgjerder om gjeninnføring av grensekontroll bør tilhøyra medlemslanda, noko som møter sterk kritikk frå Europaparlamentet og Europakommisjonen.
Justis- og innanriksministrane blei på rådsmøtet einige om å endra det rettslege grunnlaget for behandlinga av forslaget om ei Schengen-evalueringsmekanisme, som medfører at Europaparlamentet ikkje lenger vil vera medlovgivar. I det opphavlege forslaget frå Kommisjonen skulle Parlamentet og Kommisjonen vera medlovgivarar, noko som blei avvist av medlemslanda. Rådsvedtaket blei gjort mens forhandlingane om Schengen-forslaga allereie var i gang i EU-institusjonane.
«Shame on you!» var blant orda som hagla mot den danske justisministeren (og rådsformann) Morten Bødskov i ein stormfull debatt i Europaparlamentet 12. juni. Parlamentet truar no med boikott av det danske formannskapet, noko som i så fall kan stoppa ei avtale om energieffektivitet som har vore prestisjetungt for danskane å få på plass i løpet av formannskapsperioden.
Bødskov forsvara seg med at det var var ei juridisk vurdering som låg til grunn, og ikkje ei politisk. Kommissær Cecilia Malmström kommenterte at «ein vel juridisk avgjerdsgrunnlag etter sine politiske ambisjonar». Hannes Sobodwa, som leiar S&D-gruppa i Europaparlamentet, meinte den danske justisministeren hadde «opna døra for populisme». Leiarane i partigruppene i Europaparlamentet skal møtast 13. juni for å ta stilling til boikottspørsmålet, og det blir også vurdert å ta rådsavgjerda til EU-domstolen.
Justisminister Grete Faremo deltok i diskusjonen på ministermøtet førre veke, og Åse Michaelsen (FrP) har skrive spørsmål til Faremo om korleis Noreg vil følgja opp rådsvedtaket.
Konklusjonane frå rådsmøtet 7. juni kan lesast her.