Yttergrensebyrået Frontex er i ferd med å få plass ein uavhengig posisjon med ansvar for å sikra at grunnleggjande rettar blir følgde i byråarbeidet. Det kom fram i eit svar til Den europeiske ombodsmannen nyleg, etter at ombodet hadde etterlyst dette i mars.
Tidlegare i vår publiserte Frontex sin årlege risikoanalyse for 2012, som baserer seg på hendingar rundt grensepassering og ulike former for grenseoverskridande kriminalitet i løpet av 2011. Byrået er særleg uroa over utviklinga i marknaden for kriminelle bakmenn som organiserer ulovleg innvandring og opphald i EU, samtidig som den økonomiske krisa kan resultera i ulik kapasitet i grensevakthaldet i dei ulike EU-landa.
Noreg tar del i arbeidet i Frontex, og bidrar både økonomisk og med personell.