fredag 7. september 2012

Antimikrobiel resistens drøfta i EP


Brusselbrev frå Per S. Nestande

Meir forsvarleg bruk av antibiotika, utvikling av nye medisinar og internasjonalt samarbeid er blant tiltaka som er foreslått i framlegget til ein rapport om antimikrobiel resistens. Europaparlamentet (EP) sin komité for miljø,helse og mattryggleik (ENVI) drøfta i går rapporten.

Saksorføraren i ENVI, Anna Rosbach (ECR, Danmark) sa antimikrobiel resistens er eit alvorleg og aukande problem mellom anna pga. overdrive og vilkårleg bruk av antibiotika både hos menneske og dyr. Hennar rapport tek til orde for forsvarleg bruk, tiltak for å førebygge resistens, utvikling av nye, alternative legemiddel, overvaking og rapportering, kommunikasjon og opplysing samt internasjonalt samarbeid.

Dei andre som tok ordet i debatten støtta i hovudsak utkastet til rapport og Rosbach sine vurderingar. Det synes likevel vere litt ulike oppfatningar om kva som er den faktiske situasjonen når det gjeld antibiotikabruk i Europa. Nokre medlemmar meinte rapporten gav inntrykk av at det er mindre kontroll med bruken enn det som faktisk er tilfelle. Fleire bad om meir informasjon om bruken av antibiotika til husdyr. Mellom anna vart det vist til at det er mindre restriksjonar på bruk av antibiotika som førebyggande medisin hjå husdyr enn folk. Kommisjonen vart også kritisert for å vere for passive. Kommisjonen tilbakeviste dette og viste mellom anna til initiativet innovative medisinar som skal leggje til rette for offentleg-privat samarbeid om utvikling av betre og tryggare medisinar.

Rapporten er EPs kommentar til Europakommisjonen si melding om dette temaet frå november 2011. Rådet vedtok også konklusjonar om dette temaet i juni i år. Konklusjonane nemner mange av dei same tiltaka som rapporten til Rosbach og tek til orde for tiltak både på nasjonalt og europeisk nivå.

Det er lagt opp til komitévedtak av rapporten i november og plenumsvedtak i desember.