- Dei ansvarlege komiteane i Europaparlamentet nærmar seg avstemming om framlegget til nye reglar for olje- og gassverksemd til havs
- Reguleringsform, ansvar, moratorium på aktivitet i Arktis og rolla til EMSA var tema da miljøkomiteen drøfta saken i dag
- Plenumsbehandling er venta i desember i år.
I diskusjonen i komitéen var det generell støtte rapportøren, men det var ulike syn i spørsmålet om moratorium i Arktis. Det var ingen som refererte til Noreg i samband med dette spørsmålet. Det var også ulike syn i spørsmålet om reglane bør vere ei forordning eller eit direktiv. Fleire var opptatt av den eksterne dimensjonen, både når det gjeld krav om at EU-selskap må drive like forsvarleg i tredjeland som i EU og når det gjeld kva vilkår som vil gjelde tredjelandsborgarar som arbeider i EU. Mange ynskjer å gje det europeiske sjøsikkerheitsbyrået (EMSA) auka ansvar. Europakommisjonen sa at EMSA kan få nye oppgåver, men at det er nasjonale tilsyn som bør ha hovudansvaret for overvaking.
Det er komiteen for industri, forsking og energi (ITRE) som har hovudansvaret for dette framlegget, men ENVI og justiskomiteen (JURI) er såkalla assosierte komitear i denne saka. Det vil seie at visse delar av framlegget høyrer under ansvarsområdet til desse komiteane. Endringsforslag til framlegget som blir vedteke i dei to komiteane innanfor desse områda vil gå direkte til votering i plenum.
I JURI er det lagt fram langt til saman 39 endringsframlegg av sakordføraren Eva Lichtenberger (Dei grøne, Austerrike) i hennar utkast til innstilling og av andre medlemmar etterpå. Endringane gjeld i fyrste rekkje spørsmål knytt til ansvar og erstatning ved skade. Også i denne komiteen er der gjort framlegg om at reglane bør gjennomførast som ei forordning. JURI vil drøfte endringsframlegga seinare i september.
Utkastet til innstilling i ITRE vart lagt fram i juni, men endringsframlegga som er fremja i denne komiteen er ennå ikkje tilgjengelege. Det er lagt opp til at ITRE skal stemme over framlegget 9. oktober.
Plenumsbehandling er tentativt sett til desember i år.