mandag 1. oktober 2012

Europakommisjonens melding om nettbaserte pengespel utsett

Brusselbrev frå Per S. Nestande.

Intern usemje er visstnok årsaka til at Europakommisjonen si melding om nettbaserte pengespel er utsett melder European Voice. Meldinga som etter planen skulle ha vorte lagt fram 26. september, er venta å drøfte spørsmål som sosiale problem, forbrukarvern og tiltak mot svindel. Det er ikkje venta framlegg til europeisk regulering frå Kommisjonen i samband med meldinga. Europolitics skreiv tidelegare i september at melding ville bli utsett fordi det hadde kome vesentlege innvendingar i den interne Kommisjonshøyringa.

Europaparlamentet vedtok i 2011 ein rapport om nettbaserte pengespel. Parlamentet understreka her at kvart land står fritt til å regulere slik verksemd. På grunn av den grensekryssande karakteren tok Parlamentet likevel til orde for felles tiltak mot ulovlege pengespel og tiltak for å verne utsette grupper som barn og speleavhengige. Kommisjonen vart oppmoda om å vurdere standardar, eit rammedirektiv eller å utvikle felles retningsliner på europeisk nivå.

I EU har dei fleste landa enten ei lisensieringsordning eller eit statleg monopol. Det har denne veka vore oppslag i Aftenposten og Stavangar Aftenblad om den nye spelelova i Danmark der ei lisenseringsordning nå er innført.

Det har vore relativt mange klager til Kommisjonen og saker i EU-domstolen der private tilbydarar av pengespel har meint seg diskriminert i høve til statlege, nasjonale monopol. Klagene har mellom anna vist til retten til frie rørsler av tenester i den indre marknaden. Talet på klagesaker er ein viktig grunn til at Parlamentet og andre aktørar, inkludert den europeiske organisasjonen for pengespel og tipping (The European Gaming and Betting Association), har oppmoda Kommisjonen om å klargjere dei juridiske rammene for nettbaserte spel og pengespel generelt. Behovet for klarare reglar var drøfta i samsband med tenestedirektivet, men pengespel vart eksplisitt unnateke frå tenestedirektivet da dette vart vedteke.

Kommisjonen gjennomførte i 2011 ei open høyringsrunde om nettbaserte pengespel. Innspela i denne høyringa vil danne grunnlag for den meldinga som det nå blir jobba med.