Medlemslanda blei einige om mottaksdirektivet i justis- og innanriksrådet i førre veke, og formannskapslandet Kypros er eit steg nærmare målet om å få sluttført forhandlingane om eit felleseuropeisk asylsystem (CEAS) innan utgangen av året.
Semja om mottaksdirektivet inneber mellom anna at medlemslanda må identifisera sårbare grupper og gi asylsøkjarar tilgang til arbeidsmarknaden innan ni månadar frå søknaden er registrert, dersom det ikkje har vore behandling av søknaden. Det skal også ha vore framgang i forhandlingane med Europaparlamentet om både Dublin-forordninga og prosedyredirektivet, som begge utgjer delar av CEAS.
Noreg har berre avtale om Dublin-samarbeid, men Europautgreiinga slår fast at dette samarbeidet gjer at Noreg også må forholda seg til dei andre reglane.