Spørsmålet om å kunna innføra mellombels visumplikt for borgarar frå Balkan-land blei tatt opp i Fellesorganet i førre veke. Som Schengen-land får Noreg møta i denne delen av justis- og innanriksrådet, og statssekretær Pål K. Lønseth var norsk representant.
Innføring av visumplikt for land på Vest-Balkan har hamna på agendaen på grunn av auke i asylsøknader utan grunnlag for asyl frå desse landa. På møtet blei det uttrykt ønske om fortgang i forhandlingane med Europaparlamentet rundt endringar av EUs reglar om visumfridom. Forslaget til behandling inneheld mellom anna ein klausul som gjer det muleg å krevja visum frå personar frå land med visumfri avtale med EU, dersom det er meir enn 50 prosent auke i asylsøknader frå dette landet over ein periode på seks månader. Spørsmålet om visumplikt skal no diskuterast vidare på eit ministermøte mellom EU og landa på Vest-Balkan 5.-6. november.
I Fellesorganet blei det også informert om asylsituasjonen i Hellas, og framstega som er gjort der dei siste månadane trass i vanskelege økonomiske kår. Ein ny rapport, frå mellom anna FNs høgkommissær for flyktningar, viser derimot auke i rasistisk motivert vald mot flyktningar i Hellas det siste året.
På agendaen stod også status for mellom anna informasjonssystemet SIS II, grenseovervakingssystemet EUROSUR og innlemming av Bulgaria og Romania i Schengen (som framleis er utsett).