- Kommisjonen vil prioritere tiltak for å sikre økonomisk og monetær union, ein styrka indre marknad, betre infrastruktur og tiltak for auka sysselsetting i 2013
- Europaparlamentet kritiserte Kommisjonen for mangel på innsats for å takle arbeidsløyse og sosiale problem i kjølvatnet av den økonomiske krisa og etterlyste eit samla plandokument som ikkje berre omfattar nye tiltak
- Det er uvisst når det kan bli semje om langtidsbudsjettet for 2014-2020. Samla ramme, fordeling mellom ulike område, nasjonale rabattar, eigne inntekter på EU-nivå og involvering av Europaparlamentet er diskusjonstema
- Ny helse- og forbrukarkommissær er venta å vere på plass snart og skifte skal ikkje forsinke revisjonen av tobakksdirektivet vesentleg seier Kommisjonen
Et utvalg EU/EØS-relevante nyheter -
for stortingsrepresentanter og ansatte på Stortinget
onsdag 24. oktober 2012
Nytt arbeidsprogram, langtidsbudsjettet og ny kommissær
Brusselbrev frå Per S. Nestande.