onsdag 24. oktober 2012

Skepsis mot EU-finansiert katastrofeberedskap

Den svenske regjeringa er skeptisk til at EUs nye mekanisme for katastrofeberedskap skal finansierast over EU-budsjettet.

Svenskane støttar i hovudsak forslaget frå Europakommisjonen om å få på plass ei meir effektiv handtering av katastrofar og større ulykker, men meiner at finansiering gjennom EU-pengar kan svekkja eigen beredskapsinnsats i medlemslanda.

Forslaget, som mellom anna inneber å byggja opp eit krisesenter i beredskap døgnet rundt, står på dagsordenen i Justis- og innanriksrådet denne veka. Også Europaparlamentet har begynt behandlinga av forslaget, og rapporten frå Miljøkomiteen (ENVI) er venta i slutten av november. Den danske regjeringa har utarbeidd eit bakgrunnsnotat om forslaget til Europautvalet i Folketinget.

Forslaget er også merka EØS-relevant. Det føreligg ikkje noko EØS-notat frå regjeringa enno, og det er usikkert kva finansiering over EU-budsjettet eventuelt vil ha å seia for Noreg.