Over 12 000 barn kom aleine og søkte asyl i EU i 2011, og mange fleire kom i det skjulte via ulovlege kanalar. Samtidig sikrar ikkje mottaksordningar i Europa tilstrekkeleg beskyttelse av barna. Det slår ein ny rapport frå Europakommisjonen fast, som har vurdert gjennomføringa av handlingsplanen frå 2010.
«EU må bli betre på å ta hand om asylbarn som kjem aleine […] Mange barn har det veldig vanskeleg. Dei blir stua saman i mottakssenter, låst inne og har vanskeleg for å få medisinsk eller juridisk hjelp», sa kommissær Cecilia Malmström, som også peika på at barna er meir utsette for å bli rekrutterte til kriminelle nettverk.
Kommisjonen ønskjer no å betra samarbeidet med transittland og barnas opphavsland, for å hindra menneskehandel og for å finna familiane. Dei fleste barna som flyktar til EU kjem frå krigsherja land som Afghanistan og Somalia.
EU arbeider med å få på plass ny asyllovgiving denne hausten, og Europaparlamentet og Rådet må mellom anna bli einige reglar om mottaksforhold for mindreårige asylsøkjarar og om det er lovleg med arbeid mens ein ventar på asylbeskjed.