mandag 26. november 2012

Ny «helsesjekk» av Schengen

Europakommisjonen presenterte 23. november sin andre rapport over stoda i Schengen-området, den såkalla halvårige «helsesjekken». Rapporten dekkjer perioden mellom 1. mai og 31. oktober i år.

Situasjonen ved yttergrensene er gitt mykje plass i rapporten, og det er framleis ved den gresk-tyrkiske grensa flest blir stoppa i å ta seg ulovleg inn i Schengen-området. I byrjinga av perioden (april-juni) var det auke i slike grensekryssingar samanlikna med fjoråret, men etter at Hellas intensiverte grensevakthaldet i august har det vore betydeleg nedgang. Det er flest afghanarar, bangladesharar og syrarar som blir stoppa i å kryssa grensa.

Kommisjonen har også kontrollert etterfølginga av Schengen-reglane i medlemslanda, mellom anna korleis informasjonssystemet SIS/Sirene har fungert i Noreg. Her er eigne rapportar under utarbeiding, men det skal ikkje vera snakk om store forbetringskrav.
Rapporten dannar grunnlaget for vidare debatt om Schengen-samarbeidet i Fellesorganet i Rådet (der også Noreg får møta) og i Europaparlamentet.