fredag 7. desember 2012

Personvern: muleg å gløymast på nett?

«Retten til å bli gløymt» på nettet er ein av reguleringane som har fått mykje merksemd i det nye EU-forslaget til personvernforordning.

No viser EUs eige nettsikkerheitsbyrå ENISA til at dette har sine tekniske avgrensingar, og kan vera vanskeleg å gjennomføra. Difor føreslår byrået nokre pragmatiske løysingar, som at søkemotorar filtrerer vekk tilvisingar til informasjon som blir lagra i og utanfor EU.

Nettforskar ved Universitetet i Lund, Marcin de Kaminski, seier til svenske Europaportalen at diskusjonen om «retten til å bli gløymt» er problematisk fordi «Internett er skapt for å hugsa, ikkje å gløyma».

Ingvild Næss og Jan Morten Evertsen i advokatfirmaet Thommessen skreiv nyleg eit innlegg om det nye forslaget, der dei også skisserte nokre utfordringar for næringslivet: «Når en kunde henvender seg til en bedrift og krever at personopplysninger slettes, må den aktuelle bedriften nå også gi beskjed til tredjeparter som har fått tilgang til opplysningene om å slette disse. Vår erfaring er at bedrifter ofte ønsker å tøye reglene for å unngå å måtte slette opplysninger.»

Irland, som tar over EU-formannskapet etter nyttår, vil prioritera behandlinga av personvernforslaga det neste halvåret.