søndag 3. mars 2013

EU-forslag om meir «smarte» grenser

Det skal bli lettare å passera ein av dei 1800 yttergrensestasjonane i Schengen, kombinert med at sikkerheita og overvakinga av grensene blir styrka. Det er blant måla i forslaga om meir «smarte» grenser, som Europakommisjonen presenterte 28. februar.

Forslagspakken består av tre forordningsforslag:
- Eit datasystem for inn- og utreisekontroll av alle tredjelandsborgarar («entry/exit»-system) med elektronisk registrering av mellom anna tidspunkt, innreisestad og reiselengde. Forslaget inneheld også planar om bruk av biometri i grensekontrollane.
- Eit system for forenkla kontroll med førehandsregistrerte og -godkjente reisande, til dømes grupper som forretningsfolk, familiemedlemmer osb.
- Endringar til Schengen-grensereglar

Dei grøne i Europaparlamentet har allereie publisert si meining om forslaga, under tittelen: «Big brother technologies not a smart plan for Europe’s borders».

Europautgreiinga (NOU 2012:2) slo fast at eit nytt inn- og utreisesystem vil få betyding for norsk grenseforvalting «ved at de nødvendige elektroniske systemer må installeres på norske grensestasjoner. Videre må det vedtas norske lovregler som tillater registreringen». Regjeringa har også støtta arbeidet med å innføra eit nytt system, då «dette vil effektivisere grensekontrollen og motvirke ulovlig opphold, samtidig som det ivaretar enkeltpersoners rettigheter, herunder personvernet».

Dei nye lovforslaga blir tema i Justis- og innanriksrådet torsdag 7. mars, kor statssekretær Kristin Bergersen i Justis- og beredskapsdepartementet vil delta.

Se også omtale frå EU-delegasjonen.