Administrasjonen i Europaparlamentet har publisert ein rapport som tar føre seg korleis parlamentet bør utviklast framover mot 2025.
Rapporten på 274 sider kjem med meir eller mindre konkrete forslag til korleis parlamentet kan møta fleire av utfordringane som blei identifiserte i ein rapport i fjor. Det blir mellom anna tatt til orde for å vidareutvikla det parlamentariske arbeidet med lovgiving, diplomati og økonomisk styring.
Kvart delkapittel i rapporten sluttar med forslag til såkalla nøkkelhandlingspunkt for parlamentet («key action points»), og blant desse finn ein planar om:
- Å bli euro-parlamentet, som kontrollerer avgjerds- og budsjettprosessane for eurosona
- Styrka koordineringa med EUs utanriksteneste, EEAS
- Fleire kontor utanfor EUs grenser, etter modell frå kontoret i Washington DC
- Betra informasjonsutvekslinga mellom Europaparlamentet og nasjonale parlament
- Regelmessige konsekvensanalysar av omfattande handel- eller tilknytingsavtalar (til dømes EØS)
I tillegg bør ein utnytta utviklinga i informasjons- og kommunikasjonsteknologien, og det blir mellom anna tatt til orde for at parlamentet kan bli føregangsarena for bruk av digitale debattkanalar. Når det gjeld dei meir fysiske tilhøva, ønskjer ein meir naturleg lys og frisk luft i parlamentet, i tillegg til «meir attraktive» trappeoppgangar.