Europakommisjonen presenterte denne veka sin tredje rapport over stoda i Schengen-området, den såkalla halvårige «helsesjekken». Rapporten dekkjer perioden mellom 1. november 2012 og 30. april i år.
I løpet av dette halvåret har det berre blitt innført mellombelse grensekontrollar innanfor Schengen-området éin gong – i Noreg i samband med fredsprisutdelinga i 2012. Då blei 3136 personar kontrollerte, 19 blei nekta innreise og 8 blei pågripne.
Når det gjeld situasjonen ved Schengen-yttergrensene viste dei to siste månadane i 2012 at talet på ulovlege grensekryssingar var 13 600, ein nedgang på 52 prosent samanlikna med året før. Styrka vakthald på den gresk-tyrkiske grensa var truleg hovudgrunnen til nedgangen, og det var i Italia ein no oppdaga flest slike grensekryssingar (4231 personar, 31 prosent).
I førre veke blei det inngått kompromiss mellom Rådet og Europaparlamentet når det gjeld to Schengen-rettsakter: forordning om midlertidig innføring av grensekontroll og forordning om tilsyn med nasjonal gjennomføring av Schengen-reglar. Både einigheita om rettsaktene og statusrapporten over Schengen-samarbeidet ligg til grunn for vidare diskusjonar i Justis- og innanriksrådet 7. juni, der statssekretær Pål K. Lønseth blir Noregs representant.