EFTA avslutta nyleg tiande
runde i frihandelsforhandlingane med Russland, Kviterussland og Kasakhstan.
Diskusjonane dreidde seg særleg om handel med varer, tenester og investeringar,
immaterielle rettar, offentlege innkjøp og bærekraftig utvikling. «Vi har et felles mål om at
forhandlingene skal være sluttført innen utgangen av første halvår 2014», sa
ekspedisjonssjef Jan Farberg i Nærings- og handelsdepartementet til Aftenposten
4. oktober.
I førre veke gjennomførte EFTA den åttande
runden i forhandlingane med Indonesia om ei økonomisk samarbeidsavtale. Tema
var mellom anna handel med tenester, teknisk samarbeid, samt generelle og
institusjonelle vilkår. EFTA er også i pågåande
frihandelsforhandlingar med Algerie, Guatemala, Honduras, India, Malaysia,
Thailand og Vietnam. Sluttforhandla avtalar krev samtykke i Stortinget. Ei
frihandelsavtale med Colombia frå 2008 er til dømes enno ikkje førelagt Stortinget, og regjeringa har vist til eigne konsultasjonar om arbeidstakar- og menneskerettar før samtykkeproposisjon vil bli lagt fram.
EFTA har i dag 26 frihandelsavtalar
med 36 land. Tidlegare nærings- og handelsminister Trond Giske var nyleg på reise i
Midtausten for å arbeida for ei rask iversetjing av handelsavtala mellom EFTA og
seks land (Bahrain, Kuwait, Oman, Qatar, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske
emirata). Til Ny Tid kunne Giske melda
at reisa var vellukka: «Jeg fikk løfter fra min kollega i emiratene om at han
om kort tid skal ta saken inn for regjeringen og ratifisere avtalen. Det vil dermed gi norske
bedrifter tollfri adgang til seks land i Midtøsten».