EUs utanriksminister Catherine Ashton presenterte
i går den endelege rapporten som dannar grunnlaget for vidare diskusjonar
på toppmøtet om EUs forsvarspolitikk i desember.
I rapporten
kjem Ashton med fleire forslag, fordelt på tre område:
- Styrkja den felles sikkerheits- og forsvarspolitikken: EU
må kunna respondera raskare på sikkerheitsutfordringar. Dette inkluderer mellom
anna på nettet, på energiområdet og i grensevakthald. Samhandling med
partnarorganisasjonar og tredjeland blir vektlagt.
- Betra Europas forsvarsevne: Her blir det lagt vekt på
samarbeid for å utvikla, drifta og halda ved like forsvaret. Dette skal sikra
best muleg bruk av stordriftsfordelar.
- Forsterka forsvarsindustrien: ein sterk forsvarsindustri
er eit føremon for å kunna utvikla og oppretthalda forsvarsevna og sikra
Europas strategiske autonomi. Ashton viser også til meldinga
frå Europakommisjonen i sommar.
For Noregs del kan det mellom anna vera verdt å merka seg
det som står om maritim sikkerheit og nye utfordringar i Arktis: «In the near
future, new sea lanes could open up with important geostrategic implications. The Arctic in particular will
require increasing attention in terms of maritime safety, surveillance and
environmental protection».