fredag 18. oktober 2013

EU-påtalemakt møter motstand i nasjonale parlament

Ein samstemt justiskomité i Sveriges riksdag meiner at ei eiga EU-påtalemakt strider mot EUs nærleiksprinsipp.

Forslaget om å oppretta ei slik overnasjonal påtalemakt blei lagt fram av Europakommisjonen i juli. Planen er at eit påklagarkontor i EU-regi skal ha rett til å gjera utgreiingar og gjera påtalar i saker som gjeld brot mot EUs økonomiske interesser, som ifølgje Kommisjonen omfattar minst 500 millionar euro årleg.

Justiskomiteen i Riksdagen peikar på at bedrageriet med EU-midlar varierer stort i medlemslanda, og at forslaget i hovudsak handlar om å møta problem som berre gjeld enkelte av EU-landa. Difor slår komiteen fast at den føreslåtte ordninga er urimeleg, og at det vil ramma alle EU-landa på ein altfor inngripande måte.

Fram til 28. oktober er forslaget til nærleikskontroll i dei nasjonale parlamenta i EU. Debatt og vedtak i Sveriges riksdag skal skje onsdag 23. oktober. Både det tsjekkiske senatet, samt begge kamra i det nederlandske parlamentet (første- og andrekammeret) har allereie sendt sine innvendingar mot forslaget. Tyskland, Frankrike og Europaparlamentet har tidlegare etterspurd ei EU-påtalemakt.

Lisboatraktaten opna for ei eiga påtalemakt, men dersom forhandlingane ikkje når fram på EU-nivå kan minst ni land velja å vedta ei slik ordning gjennom forsterka samarbeid.