Det nederlandske parlamentet ønskjer at dei nasjonale parlamenta får meir innverknad i EU-lovgivinga. I eit
nytt posisjonsnotat frå andrekammeret blir det mellom anna føreslått å snu den politiske prosessen: fleire forslag må koma nedanfrå, frå medlemslanda, og færre frå Europakommisjonen.
Parlamentet viser til manglande støtte til EU-lovgivinga blant EU-borgarane, og listar opp fleire konkrete forslag som kan betra situasjonen:
- «Grønt kort»-prosedyre der nasjonale parlament kan ta initiativ til ny EU-lovgiving, og koma med endringsforslag eller forslag om å trekkja tilbake EU-lover.
- «Seint kort»-prosedyre («Late card») som gir nasjonale parlament ein kontrollfunksjon også ved slutten av lovgivingsprosessen, ikkje berre ved byrjinga av lovbehandlinga.
- Utvida subsidaritetsprøving, ikkje berre på lovforslaga, men også på grøn- og kvitbøker.
Det blir også føreslått å utvida «gult kort»-prosedyren, at færre innvendingar frå nasjonale parlament bør vera nok til å krevja omkamp om eit EU-forslag. I dag må minst ein tredjedel av dei nasjonale parlamenta koma med grunngitte fråsegner for å sikra at Kommisjonen revurderer eit forslag.
Sist veke blei det klart at forslaget om ei EU-påtalemakt får «gult kort», og det er andre gong i historia dette skjer. Det nederlandske parlamentet ønskjer at samarbeidet mellom nasjonale parlament skal brukast meir til å sikra koalisjonar i «gult kort»-prosedyren. Her blir bruk av nettverket med utsendingar frå nasjonale parlament til EU trekt fram. Stortinget er representert med
eigen utsending i Europaparlamentet.
Leiaren for EU-nämnden i Sveriges Riksdag, Allan Widman (FP), er
positiv til nye forslag i nærleikskontrollen: «Subsidaritetsprøvinga er jo reaktiv, det går berre an å reagera på initiativ som er tatt. På sikt ser eg ein plass for nasjonale parlament, gjennom samordning med andre for å bli proaktive». Ein gjennomgang viste nyleg at 43 prosent av proposisjonane til Riksdagen i 2012 var eit
direkte resultat av EU-avgjerder.
I rapporten blir det også peika på at EU-lovgiving oftare blir vedtatt i første forhandlingsrunde, og at dette reduserer moglegheitene for dei nasjonale parlamenta til å påverka prosessen. Å utnemna nasjonale saksordførarar på bestemte tema kan her auka den nasjonale involveringa, og dermed styrkja den demokratiske legitimiteten.
I
Europautvalet 4. november føreslo Bård Vegar Solhjell (SV) at regjeringa kunne presentera forslag til norske posisjonar i enkelte EU-saker i Stortinget før ein tar det til EU, og bad om at det også kunne presenterast skriftleg. Det kunne gjera debatten betre ved at ein fekk fram ulike syn, samtidig som det sikra breiare og tyngre forankring. Statsråd Vidar Helgesen meinte dette var eit interessant forslag, og la til at EU-kommissærar på besøk i Noreg også burde besøka aktuelle stortingskomitear.