onsdag 10. mars 2010

EU-lekkasje hissar opp miljøorganisasjonar

Lekkasjen av eit uoffisielt notat frå EU-kommisjonen, om kriterium for berekraftig biodrivstoff, har ført til at ei rekkje miljøorganisasjonar har protestert skriftleg til Kommisjonen.

Dei åtvarar mellom anna om at regnskogsområde vil bli fjerna til fordel for produksjon av biodiesel, om EU godkjenner palmeoljeplantasjar som berekraftig skog. Danske Dagbladet Arbejderen har skrive om saka.