Medlemslanda må visa vilje til å møta parlamentet dersom ein skal få på plass neste års EU-budsjett, uttala leiaren for budsjettforhandlingane i Europaparlamentet 8. november.
Dei fleste medlemslanda ønskjer å halda auken i 2011-budsjettet på 2,9% over årets budsjett, medan EU-parlamentet ønskjer ein auke på 6,2%.
Statsminister i Storbritannia, David Cameron, har vore særleg bestemt på at han ikkje vil godta ein budsjettvekst over 2,9%. Forhandlingsleiaren i EU-parlamentet kom i går med framlegg om å møtast på ein 4,5% auke.
Dersom forhandlingane ikkje fører til ei avtale denne månaden, vil budsjettet (som må godkjennast av alle medlemslanda) bli frose på 2010-nivå.