torsdag 3. mars 2011

Svensk kritikk av arbeidsprogrammet for 2011

Riksdagen i Sverige kritiserer EU-kommisjonen for fleire manglar i arbeidsprogrammet for 2011. Riksdagen etterlyser fokus på integrering av utanlandske statsborgarar i arbeidsmarknaden, likestilling og tiltak for å gjera det lettare for funksjonshemma.

Høgare ambisjonar på desse områda vil gjera Europa meir konkurransekraftig, heiter det i uttalen frå Utanrikskomiteen i Riksdagen.

Kommisjonen vedtok programmet i oktober i fjor, og ein av årsakene til sein respons frå Riksdagen er treg omsetjing til svensk, noko som stridar med prinsippet om tidleg deltaking frå dei nasjonale parlamenta etter innføringa av Lisboatraktaten.

Alle opposisjonspartia hadde reservasjonar til samla uttale: Socialdemokraterna åtvara mot sosial dumping i utstasjoneringsdirektivet samt for dårlege vilkår for arbeidstakarar i arbeidstidsdirektivet, Vänsterpartiet åtvara mot strukturelle endringer som Kommisjonen meiner er nødvendige på arbeidsmarknaden, Miljöpartiet sakna fokus på grønne arbeidsplassar, medan Sverigedemokraterna ønskjer intensivering av arbeidet mot illegal innvandring til EU.

Bakgrunn: Arbeidsprogrammet for 2011 presentert.