European Data Protection Supervisor (EDPS, EUs tilsyn for datasikkerheit) presenterte 31. mai sitt syn på Europakommisjonens evalueringsrapport om datalagringsdirektivet.
Tilsynet konkluderer med at direktivet ikkje oppfyller prinsipielle krav når det gjeld personvern og databeskyttelse:
- Direktivet manglar tilstrekkelege bevis for nødvendigheitene av datalagring
- Datalagring bør regulerast på ein mindre personvern-påtrengande måte
- Direktivet gir medlemsstatane for mykje avgjerdsmakt når det gjeld under kva føremål opplysningar kan bli brukt, kven som får tilgang til data og under kva forhold
EDPS ber Kommisjonen vurdera nøye alle mulegheiter i den vidare evalueringa av direktivet, inkludert eventuell oppheving av direktivet.
Sjå tidlegare sak: Evaluering av datalagringsdirektivet.