Etter at mellom anna Nederland ikkje ville opna for bulgarsk og rumensk innlemming i Schengen-området førre veke, kjem det meldingar om reaksjonar frå dei sørausteuropeiske landa.
På den rumenske grensa har mellom anna transportlastar med nederlandske tulipanar blitt stoppa, med offisiell årsak at det var frykt for skumle bakteriar.
Samtidig har den bulgarske utanriksministeren varsla mottiltak og trua med å trenera avgjerdsprosessane i EU «som ikkje kan gjennomførast utan vårt samarbeid».