Justisminister Knuts Storberget representerte Noreg på møtet i Mixed Comittee (EU, Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits) førre veke. Etter justisrådsmøtet 22. september samla komiteen seg og gjekk mellom anna gjennom status for dei nye Schengen-instrumenta VIS og SIS II.
I tillegg var det ein første diskusjon rundt Schengen-forslaget om mellombels gjeninnføring av grensekontroll. «Noreg er sterkt kritisk til EU-kommisjonen sitt forslag om at EU skal bestemme over grensekontrollar i Schengen-landa. Noreg meiner at kontroll med grensene er eit nasjonalt ansvar» sa Andreas Lorange i Justisdepartementet til Nationen 24. september.
På møtet i komiteen tok ein også opp forslaget om grensebuaravtale mellom Polen og Russland for den russiske Kaliningrad-enklaven, i tillegg til aktuelle tema knytt til ulovleg innvandring og menneskehandel.